Nissedal

Helsestasjon for ungdom

Helsesjukepleiar
Anita H. Haugsjå

 

Tlf. Helsestasjon:
35 04 84 28/ 919 19 123

 

Tenestene til Helsetasjonen er gratis.

Helsestasjonens fokus er helse og trivsel for barn, unge og deires familie.

Gjennom tidleg støtte og rådgjeving i samarbeid med foreldre, barnehage og skule ynskjer Helsestasjonen at alle barn og unge skal ha god helse og trivsel.
Helsestasjonen har tilsette som har spesialkompetanse innafor førebyggjande helse.

 

Gjennom helsestasjonsprogram og skulehelseprogram blir barn og unge gjett tilbod om samtale og kontroll med Helsestasjonen.
Treng du rådgjeving og hjelp utanom, så er det bare å ta kontakt.

Opningstider

Kan treffast på helsestasjonen alle verkedagar.

 

Tveit storskule\ Nissedal ungdomsskule
Kvar måndag kl.08.30-12.00.

 

Det er ikkje fast kontortid på grendeskulen, men planlagde besøk.

 

Helsestasjonen er lokalisert på kommunehuset i Treungen.

Skulehelsetenesta frå 1. – 10. klasse

Skulehelsetenestea er ein vidareføring av helsestasjonsarbeidet og har som mål å fremja god helse blant barn og unge. Skulehelsetenesta skal samarbeide med foreldra, skulane og anna hjelpeapparat.

Oppgåver

  • Rutineundersøking
  • Oppfylging av elever ved behov
  • Vaksinering
  • Helseopplysning, undervisning, rådgiving og rettleiing individuelt og i grupper
  • Samarbeid med foreldre, skule og andre aktuelle instansar
  • Miljøretta tiltak – fokus på elevane sitt arbeidsmiljø

 

I samarbeid med skulen driv me helseopplysning individuelt og i grupper. Aktuelle tema kan vere kosthald, hygiene, trivsel, pubertet, rus eller andre tema etter ynske.

 

Helsesjukepleiar er pålagt teieplikt (§21 – 29 i Lov om Helsepersonell). Den skal fungere som eit personleg vern rundt den enkelte elev. Helsesjukepleiar utgjer ikkje personopplysningar om elevar utan samtykke frå foresatte.

Interkommunal psykologteneste (0-23 år)

Kommunane Nissedal, Fyresdal, Kviteseid, Seljord og Tokke samarbeider om ei interkommunal psykologteneste. Funksjonen blei oppretta i 2019, med barn og unge (0-23 år) som fokusområde.

 

Psykologtenesta består av to kommunepsykologer, som er organisert i eit team.

Psykologtenesta skal ivareta arbeidsoppgåver på fleire nivå. Sentrale arbeidsområde er helsefremjande og førebyggjande arbeid, planarbeid, kompetanseutvikling og å medverke til samordna tenesteutvikling i dei fem kommunane.

 

Psykologane rettleier og gjev fagstøtte til fagpersonar som treff barn og unge, og er med i tverrfagleg arbeid i dei ulike kommunale tenestene. Nokre gonger treff dei også barn, unge og foreldre direkte, til rettleiing, oppfølging og lågterskel behandling.

Kommunepsykologane heiter Henrik Eriksen & Guro Anna Wyller Odden.

 

Spørsmål til kommunepsykologane blir retta gjennom kontakt med helsepersonell som arbeider med barn og unge i kommunen.

Kommunepsykologane har hovudkontor i Seljord, Brøløsvegen 13 A. Dei disponerer kontor på helsesentra i dei andre kommunane og arbeider etter behov derfrå.

Informasjon oppdatert august 2021