Seljord

Helsestasjon og skulehelseteneste

Helsestasjonen og skulehelseteneste er eit gratis lågterkseltilbod. Vi som arbeider her er helsesjukepleiar, jordmor, barnefysioterapeut og lege.

Seljord helsestasjon tilbyr oppfølging av gravide, heimebesøk, sped- og småbarnskonsultasjonar med helseundersøkingar, foreldrerettleiing, helseopplysning, vaksinasjon (vaksinasjonsprogrammet), prevensjonsrettleiing, SOI, støttesamtalar, oppfølgjing av familiar med spesielle behov, og tverrfagleg samarbeid.

Seljord helsesenter
Ingrid Slettens veg 16
3840 Seljord

Telefon: 35 06 52 50

Folkehelse

Seljord kommune er ein partnerskapskommune innanfor folkehelseprogrammet i Telemark. Seljord kommune har ein lokal pott til fordeling til frivillige lag og organisasjonar som arbeider med tiltak innanfor temaet folkehelse. Det kan vere tiltak som rydding av turstigar, tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, eller lågterskelaktivitetar med fokus på fysisk aktivitet og kosthald.

Folkehelsekoordinator i Seljord kommune:
Janne Merete Larsen
Mobil:482 97 433
Send e-post

Interkommunal psykologteneste (0-23 år)

Kommunane Nissedal, Fyresdal, Kviteseid, Seljord og Tokke samarbeider om ei interkommunal psykologteneste. Funksjonen blei oppretta i 2019, med barn og unge (0-23 år) som fokusområde.

 

Psykologtenesta består av to kommunepsykologer, som er organisert i eit team.

Psykologtenesta skal ivareta arbeidsoppgåver på fleire nivå. Sentrale arbeidsområde er helsefremjande og førebyggjande arbeid, planarbeid, kompetanseutvikling og å medverke til samordna tenesteutvikling i dei fem kommunane.

 

Psykologane rettleier og gjev fagstøtte til fagpersonar som treff barn og unge, og er med i tverrfagleg arbeid i dei ulike kommunale tenestene. Nokre gonger treff dei også barn, unge og foreldre direkte, til rettleiing, oppfølging og lågterskel behandling.

Kommunepsykologane heiter Henrik Eriksen & Guro Anna Wyller Odden.

 

Spørsmål til kommunepsykologane blir retta gjennom kontakt med helsepersonell som arbeider med barn og unge i kommunen.

Kommunepsykologane har hovudkontor i Seljord, Brøløsvegen 13 A. Dei disponerer kontor på helsesentra i dei andre kommunane og arbeider etter behov derfrå.

Psykisk helse

Avdelinga skal yte tenester til innbyggarar i Seljord kommune som  slit med psykisk helse og / eller bruk av rusmidlar. Målet med tenestene er å bidra til å fremme sjølvstende og styrke evna til å meistre eige liv, samt å bidra til å bryte /motverke isolasjon og inaktivitet.  Personalet i avdelinga har tverrfagleg kompetanse, og arbeider 2-delt turnus på dag og kveld.

Tilbod i avdelinga:

  • Samtaler individuelt og i grupper
  • Heimebesøk / miljøarbeid
  • Ulike aktivitetar for å bryte / motverke isolasjon og inaktivitet
  • Tilbod til familiar og pårørande
  • Koordinering av aktuelle tenester, ansvarsgruppe m.m
  • Kriseplan / Individuell plan
  • Ljosterapi
Sjølvmordsforebygging

Har du det vanskeleg i livet ditt? Kjenner du nokon som slit ?
Her finn du informasjon om korleis du kan søke hjelp viss du eller nokon du kjenner, opplever store kriser, belastningar, og/eller har sjølvmordstankar.

Hugs at legekontoret i Seljord har Øyeblikklig-hjelp funksjon på dagtid.

  • Telefon legekontor: 350 65 250
  • Telefon Legevakt: 116 117
  • Vakttelefon Psykisk helse og rus: 91 86 78 49

Informasjon oppdatert august 2021