Tokke

Helsestasjon for ungdom

Følg oss på  Facebook

 

Tenestene er gratis.

Helsestasjonen og skulehelsetenesta har ansvar for førebyggjande og helsefremjande arbeid for barn og unge i alderen 0 – 24 år.

 

Me jobbar etter lågterskelprinsippet, det vil seie at det skal vere låg terskel for å ta kontakt med oss om det er noko du tenkjer på, og ein stad der foreldre kan søkje råd og rettleiing i høve barnet si helse og utvikling

Kontakt

Helsesjukepleiar Birgitte Yndesdal

Tlf. 35 07 55 51 |. Mob. 481 42 173

 

Helsesjukepleiar Ingunn Nygård

Tlf. 35 07 55 52 |. Mob. 476 03 808

 

Sjukepleiar Hildegunn Håland

Tlf. 35 07 55 50

Interkommunal psykologteneste (0-23 år)

Kommunane Nissedal, Fyresdal, Kviteseid, Seljord og Tokke samarbeider om ei interkommunal psykologteneste. Funksjonen blei oppretta i 2019, med barn og unge (0-23 år) som fokusområde.

 

Psykologtenesta består av to kommunepsykologer, som er organisert i eit team.

Psykologtenesta skal ivareta arbeidsoppgåver på fleire nivå. Sentrale arbeidsområde er helsefremjande og førebyggjande arbeid, planarbeid, kompetanseutvikling og å medverke til samordna tenesteutvikling i dei fem kommunane.

 

Psykologane rettleier og gjev fagstøtte til fagpersonar som treff barn og unge, og er med i tverrfagleg arbeid i dei ulike kommunale tenestene. Nokre gonger treff dei også barn, unge og foreldre direkte, til rettleiing, oppfølging og lågterskel behandling.

Kommunepsykologane heiter Henrik Eriksen & Guro Anna Wyller Odden.

 

Spørsmål til kommunepsykologane blir retta gjennom kontakt med helsepersonell som arbeider med barn og unge i kommunen.

Kommunepsykologane har hovudkontor i Seljord, Brøløsvegen 13 A. Dei disponerer kontor på helsesentra i dei andre kommunane og arbeider etter behov derfrå.

Informasjon oppdatert august 2021